Frist: Snarest

Vossevangen Bil søkjer leiar for servicemarked

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

ER DU VÅR NYE KOLLEGA SOM VIL TA VOSSEVANGEN BIL VIDARE?

Me søkjer etter ein engasjert, motiverande og tydeleg leiar for servicemarked, som trivest i eit hektisk miljø. Som avdelingsleiar vil du få overordna drifts- og resultatansvar. Du er opptatt av å skapa gode kundeopplevingar, gjennom motiverande og kunnskapsrike medarbeidarar. I tillegg vil du bidra til avdelingas utvikling gjennom aktivt sal til nye og eksisterande kundar.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å leie servicemarked
  • Leie den daglege drifta av verkstaden. Her under omsetjing, driftskostnader, kundeoppfylgjing, kvalitet og service.
  • Utvikle medarbeidarar for å sikra kompetanse og personleg utvikling hjå medarbeidarar.
  • Sjølv vere ein aktiv del av drifta på avdelinga, inkl. oppsøkjande sal til nye og eksisterande kundar.

Ynskja kvalifikasjonar

  • Fagbrev som bilmekanikar med minimum 4 år godkjent praksis.
  • Relevant erfaringsbakgrunn som teknisk leiar – bilverksted klasse 01.
  • Erfaring frå sal, driftsleiing, personalleiing og medarbeidarutvikling.
  • God forretningsforståing og gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B er eit krav.
  • PKK godkjenning

Personlege eigenskaper

  • Glimt i auga, godt humør og glad i å arbeida med menneskjer i ein hektisk kvardag.
  • Samlande og inspirerande person med evne til å skapa eit positivt arbeidsmiljø i eigen organisasjon, og gode relasjonar til våre kundar.
  • Ambisiøs, sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Resultatorientert og med stor grad av gjennomføringsevne.
  • Jordnær og uformell med evne til å handtere ulike interessegrupper.

Me tilbyr

  • Eit hektisk og triveleg miljø
  • Godt miljø med dyktige kollegar og godt samarbeid med importør
  • Pensjonsordning
  • Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Kontaktperson: Liv Bekkenes
Stillingstittel: Daglig leder
Mobil: 915 54 871

Gå til søknadsskjema
Til toppen