Frist: Snarest

Vossevangen Bil søkjer teknisk leiar

ER DU VÅR NYE KOLLEGA SOM VIL TA VOSSEVANGEN BIL VIDARE?

Me søkjer etter ein engasjert, motiverande og tydeleg leiar for servicemarked, som trivest i eit hektisk miljø. Som avdelingsleiar vil du få overordna drifts- og resultatansvar. Du er opptatt av å skapa gode kundeopplevingar, gjennom motiverande og kunnskapsrike medarbeidarar. I tillegg vil du bidra til avdelingas utvikling gjennom aktivt sal til nye og eksisterande kundar.

ARBEIDSOPPGÅVER

• Ansvar for å leie servicemarked
• Leie den daglege drifta av verkstaden.
• Utvikle medarbeidarar for å sikra kompetanse og personleg utvikling hjå medarbeidarar.
• Sjølv vere ein aktiv del av drifta på avdelinga.

YNSKJA KVALIFIKASJONAR

• Fagbrev som bilmekanikar med minimum 5 år godkjent praksis.
• Relevant erfaringsbakgrunn som teknisk leiar – bilverksted klasse 01.
• Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
• Førarkort klasse B er eit krav.
• PKK godkjenning

PERSONLEGE EIGENSKAPER

• Glimt i auga, godt humør og glad i å arbeida med menneskjer i ein hektisk kvardag.
• Samlande og inspirerande person med evne til å skapa eit positivt arbeidsmiljø i eigen organisasjon, og gode relasjonar til våre kundar.
• Ambisiøs, sjølvstendig, strukturert og
målretta.
• Jordnær og uformell med evne til å handtere ulike interessegrupper.

ME TILBYR

• Eit hektisk og triveleg miljø
• Godt miljø med dyktige kollegar og godt
samarbeid med importør
• Pensjonsordning
• Lønn etter avtale

Om du har spørsmål ta gjerne kontakt:
Liv Bekkenes, Dagleg leiar 91 55 48 71

Gå til søknadsskjema
Til toppen